fredag 22. februar 2008

Livslang læring - ute av kurs?

Jeg tror det var Torbjørn Jagland som lanserte dette begrepet livslang læring som en av sine kjepphester da han var statsminister. Jeg kom til å tenke på det nå da jeg leser en essay - og kortprosasamling av Einar Økland. En av tekstene handler om lærere, dvs. egentlig lærere og litteratur, og Øklands kloke humor er god vinterferie-underholdning:

..." Vi skal ikkje berre byrje tidlegare i skulen alle, og bli verande lenger i skulen alle, vi skal helst byrje opplæringa straks vi er unnfanga, in utero, i mors liv, det er så langt vi kan komme i den enden, og i andre enden drive ikkje berre med vidaregåande og høgare og ymse typar etterutdanning, men med livslang læring. Omsett til litteraturspråk: Vi skal alle vere elevar på livstid. Og nokon vi ikkje kjenner, skal lage livslange læreplanar for oss. Vi skal få dei utdelte etappvis som nye oppgåver ved postane i eit hinderløp. Lærarane skal sanneleg ikkje bli arbeidslause når dette går i oppfylling. Høyrest det oppmuntrane ut? Det var ikkje slik meint. Livslang læring er greit nok om ein berre tenkjer på dette med eit langt liv. Elles er det eit handicap, ei straff, ein sjukdom, ein kur. Du må ta insulin resten av livet. Du må transplantere eit nytt organ kvart tiår heretter. Du er ute på prøve for resten av livet. Og pionerane, dei første, er ingen andre enn lærarane sjølve. Dei er dømde til aldri å vere utlærte, til alltid sjølve å vere elevar. Noko dei i lengste laget har lukka auga for. I tillegg er dei pr. definisjon pålagde, kvar for seg, å vere den flinkaste i klassen. Er dei ikkje til kvar tid det, kan dei miste lisensen, eller endå verre, sjølvtilliten og sjølvrespekten. For utdanningsinstitusjonen, grossisten, har leigd inn læraren for at han skal selje faget - einast ved å selje faget som detaljist kan læraren selje seg sjølv. Men han har ein vanskeleg kunde: eleven, som ikkje berre skal kjøpe faget, men også pedagogen."....

Jamfør tidligere blogginnlegg om lærere på kurs, eller kanskje lærere ute av kurs, eller lærere på feil kurs? Muligens var det bare feil lærere på kurs...

Spørsmålet er om vi lærer mest og best på kurs. Er det i det hele tatt mulig å gå gjennom livet uten å lære nytt hele tiden? Læring handler jo ikke bare om fag - verden er jo så mye større, og menneskene som bor i den noen merkelige vesener som det tar et helt liv å bli klok på.

Ingen kommentarer: